Ny drakt: Hurtigoppslag for garden og Utvida eigedomsrapport
Tenesteportefølga vår har fått nye, tydelegare namn. Desse seier no kva du får – eit raskt oppslag eller ein grundig rapport.

Tenesteportefølga frå Farm Resources AS har fått ny drakt. Dette har gitt oss to meir tydelege tenesteprodukt: Hurtigoppslag for garden og Utvida eigedomsrapport. Namna skildrar betre kva du får: eit raskt oppslag når du treng oversikt med ein gong, og ein grundig rapport når du treng heile historia.
Namn som seier kva du får
Det er viktig for oss å vere tydelege på kva tenestene inneheld. Namnet skal så langt råd fortelje deg kva du kan vente deg. Målet vårt er å spare deg for mykje arbeid med å søkje fram data og dokumentasjon frå mange offentlege arkiv og plattformer. Difor har vi arbeidd mykje med automatiserte prosessar, slik at vi kan vere ein effektiv og smidig tenesteleverandør for deg.
Hurtigoppslag for garden
Søk opp eigedomen med kommune, gards- og bruksnummer, og få eit oversyn rett på mobilen:
- Teiggrenser på kart med GPS-funksjon – «Er eg på eigedomen?»
- Areal og arealressursar frå NIBIO
- Oversikt over offentlege arealplanar for eigedomen og området rundt
- Tilvising til jordskiftesaker og utskiftingar, med dato og saksnummer
Du betaler enkelt med Vipps og har oppslaget på skjermen med ein gong. Vil du ha oppslaget som PDF, kan du få det sendt til e-posten din utan ekstra kostnad.
Utvida eigedomsrapport
Ynskjer du meir informasjon – som heimelshavar, heftingar og servituttar, siste omsetning eller innhaldet i gamle jordskiftesaker – er det innhaldet i ein Utvida eigedomsrapport. Rapporten krev fullmakt frå eigar, og vi lagar han manuelt. Vi testar no eit nytt bestillingsskjema. Inntil det er klart, tek du kontakt på lnf.eigedom@farmr.no.
Nye adresser
- hurtigoppslag.farmr.no – her bestiller du hurtigoppslaget. Den gamle adressa hurtigrapport.farmr.no verkar framleis.
- lnf.eigedom@farmr.no – for alt som gjeld eigedomstenestene.
- På farmr.no finn du tenestene under Eigedom i menyen.
Vi vil gjerne høyre frå deg
Tenestene er framleis opne for utvikling. Fortel oss gjerne kva forventingar du har, kva du saknar, kva som fungerer, og kva du lurer på. Det hjelper oss å lage noko som faktisk er nyttig for deg som eig gard eller eiendom i bygda.
