Om oss

Vi trivast best i kjeledress. Gardbrukarar og grunneigarar som er tett på naturgjevne ressursar - kvar einaste dag.

Mandat

Lokal grøn NH₃ - der ressursane legg til rette for det.

Farm Resources AS er eit nyregistrert norsk selskap, med base på Søre Sunnmøre. Vi legg til rette for, skal bygge og hauste erfaringar ved eit Pilot-anlegg for lokal, grøn ammoniakkproduksjon basert på norske vasskraftressursar.

I dag vert NH3 produsert ved store sentraliserte anlegg, og er ryggrada i moderne matproduksjon. Men energien som går med i prosessen kjem frå karbonhaldige ressursar og denne varianten er dermed ikkje utan vidare eigna som karbonfritt drivstoff. Men tidene er i endring, og nye teknologiar er i utvikling.

NH3 - produsert med energien frå vasskraft, eller andre fornybare energikjelder, er karbonfri. Og verda treng denne varianten - no. Pilotmålet vårt er 2028. Vi er ærlege om reisa vi har byrja på - og det er mange brikkar som skal på plass. Men planen er klar, med eit målretta team. Både lokalt og internasjonalt. Norge har eit nasjonalt fortrinn: Vasskraft i distrikta, der fallrettseigarar har hand om ressursen, tilgjengeleg for den som ser mogelegheiter, og vil hauste energien.

Kvifor desentralisert

Korte lokale verdikjeder, kjennteiknast som ein beredskapsmessig sterk struktur. Energi kan vidareforedlast ved kjelda til haldbar lagring i NH3, og i mindre grad eksporterast som kwh med halbarheitsdato.

Kvifor Noreg

Rikt på fornybar vasskraft, ein moden maritim sektor med stabil kurs mot ei grøn omstilling, og fleire hundre småkraftanlegg på privat grunn. I tillegg ligg fortsatt mykje ressursar i vatn, vind og sol utnytta rundt om i distrikta.

Kvifor no

Geopolitisk er det aukande press på tradisjonelle forsyningslinjer. Modne elektrolyseteknologiar og teknologiske framsteg opnar for ekte ressursutnytting i mindre skala enn før. Gardbrukarar, grunneigarar og distriktskommuner søkjer næringsutvikling lokalt. Og har fysstehands kunnskap om ressurstilgang, lokale forhold og skapande vilje.

«…with passion for humanity, and the energizing power of water.»