Min Eigedom

Personvernerklæring – Min Eigedom Hurtigrapport

Farm Resources AS | Ver. 1.3 | 3. september 2026

1. Kven er behandlingsansvarleg

Farm Resources AS (org.nr 937 053 053) er behandlingsansvarleg for personopplysningane som vert samla inn gjennom Min Eigedom Hurtigrapport på farmr.no. Adresse: Redsevegen 99, 6141 Rovde E-post: min.eigedom@farmr.no Telefon: 456 30 045

2. Kva opplysningar vi samlar inn

Når du bestiller ein hurtigrapport, handsamar vi: • E-postadresse – dersom du vel å få rapporten tilsendt på e-post. • Kva eigedom du søkjer opp – t.d. kommune, gards-/bruksnummer eller kartposisjon du oppgir for å generere rapporten. • Betalingsstadfesting – vi får berre ei stadfesting frå Vipps på at betaling er gjennomført. Sjølve betalingskortet/kontoopplysningane dine går aldri via oss og vert ikkje lagra av Farm Resources AS. Rapporten sitt eige innhald (matrikkeldata, teiggrenser, areal- og ressursoversikt) hentar vi frå opne, offentleg tilgjengelege register hos Kartverket og NIBIO – dette er eigedomsdata, ikkje personopplysningar om deg som brukar.

3. Kvifor vi handsamar opplysningane (rettsleg grunnlag)

• Oppfylling av avtale (personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav b): vi treng e-postadressa og eigedomen du søkjer opp for i det heile å kunne generere og levere rapporten du har betalt for. • Rettsleg plikt (art. 6 nr. 1 bokstav c): naudsynt rekneskapsdokumentasjon av sal, jf. bokføringslova. Vi bed ikkje om samtykke til marknadsføring eller deling med tredjepart utover det som står i punkt 5 – ønskjer du det seinare, vil det i tilfelle bli spurt om særskilt.

4. Kor lenge vi lagrar opplysningane

Bestillings- og e-postopplysningar lagrast så lenge det er naudsynt for kundeoppfølging og bokføringsplikta – normalt inntil 5 år, jf. bokføringslova – og vert deretter sletta eller anonymiserte.

5. Kven vi deler opplysningar med

• Vipps MobilePay AS er sjølvstendig behandlingsansvarleg for betalingsopplysningane dine når du betaler for ein rapport. Vi lagrar ikkje kort- eller kontoopplysningar, og får berre ei stadfesting på at betalinga er gjennomført. Sjå Vipps sin eigen personvernerklæring for korleis dei behandlar betalingsopplysningane dine. • Driftsleverandørar (t.d. hosting/e-post/Lovable) som handsamar opplysningar på våre vegner, under databehandlaravtale, og aldri til eige bruk. Vi sel ikkje personopplysningar til tredjepart, og deler ikkje opplysningane dine med andre enn dei som er nemnde her.

6. Dine rettar

Du har rett til innsyn i, retting og sletting av opplysningane vi har om deg, og rett til å be om avgrensa handsaming eller dataportabilitet. Ta kontakt på min.eigedom@farmr.no for å nytte desse rettane. Du kan også klage til Datatilsynet (www.datatilsynet.no) dersom du meiner vi ikkje handsamar opplysningane dine i tråd med regelverket.

7. Informasjonskapslar og enkel besøksstatistikk

Nettstaden nyttar berre éin naudsynt, teknisk informasjonskapsel (__cf_bm, sett av Cloudflare) for bot-vern og trygg drift. Han varer i om lag 30 minutt og slettast automatisk – dette er ein naudsynt cookie som ikkje krev samtykke. Vi nyttar i tillegg ein enkel, innebygd besøksstatistikk (frå publiseringsplattforma vår) som måler sidevisningar, besøkstid og trafikkjelder i aggregert form. Han byggjer ikkje individuelle brukarprofilar, sporer ikkje deg på tvers av besøk, og delar ikkje data med tredjepart. Vi nyttar ingen marknadsførings- eller sporingscookies (t.d. Google Analytics eller Facebook Pixel). Nettstaden lenkjer til LinkedIn. Vel du å klikke deg vidare dit, gjeld LinkedIn sine eigne personvernvilkår – vi sporer ikkje sjølve klikket.

8. Endringar i personvernerklæringa

Vi kan oppdatere denne erklæringa ved behov, t.d. når nye tenestenivå vert opna for sjølvbetjent sal. Siste versjon er alltid tilgjengeleg på farmr.no.

Spørsmål? Ta kontakt på min.eigedom@farmr.no.