Min Eigedom
Salsvilkår – Min Eigedom Hurtigrapport
Farm Resources AS | Ver. 1.7 | 8. september 2026
1. Produkt- og prisskildring (for nettsida)
Min Eigedom – Hurtigrapport Ein sjølvbetjent rapport om eigedomen, henta frå offentlege register hos Kartverket (matrikkel og grunnbok). Rapporten viser teiggrenser, areal- og ressursoversikt, ei henvisning til eventuell eigedomshistorikk (jordskiftesaker/utskiftingar med dato og saksnummer), og har GPS-funksjon, digitalt rett på mobilen. Ferdig generert hurtigrapport kan sendast til mailadresse i pdf-format.
2. Seljar
• Firma: Farm Resources AS • Org.nr: 937 053 053 • Adresse: Redsevegen 99, 6141 Rovde • E-post: min.eigedom@farmr.no • Telefon: 456 30 045 • Nettside: farmr.no
3. Kva du kjøper
Hurtigrapporten er ein automatisk generert oversikt over éin sjølvvalt eigedom, basert på offentleg tilgjengeleg informasjon frå Kartverket (matrikkel og grunnbok) på bestillingstidspunktet. Rapporten inneheld mellom anna: • Matrikkeldata og teiggrenser • Areal- og ressursoversikt • Kartvising av eigedomen m/GPS-funksjon • Henvisning til eigedomshistorikk som jordskiftesaker, utskiftingar og grensejusteringar. Med dato, sakstype og saksnummer (ikkje sjølve saksinnhaldet). Hurtigrapporten er meint som eit raskt oversyn, ikkje ei juridisk vurdering. Sjølve saksdokumenta bak ei jordskiftesak (rettsbok m.m.) må hentast frå jordskifteretten, og er ikkje del av denne leveransen. For grundigare kartlegging av rettar, ressursar og moglegheiter – til dømes fullt innsyn i saksdokument, heimelshavar, heftelser/servituttar, siste omsetning, nye jordskifte, generasjonsskifte, sal eller forhandlingar – viser vi til vår Utvida eigedomsrapport, som kan bestillast separat og handterast manuelt av oss i Farm Resources. Utvida eigedomsrapport er betinga fullmakt frå heimelshavar.
4. Pris og betaling
Prisen for hurtigrapporten er oppgitt i norske kroner på bestillingssida før du fullfører kjøpet. Betaling skjer i sin heilskap ved bestilling, via Vipps, og krev at du oppgir mobilnummeret du nyttar i Vipps. Vi lagrar ikkje betalingsopplysningane dine – dette handterast av Vipps MobilePay AS.
5. Levering
Hurtigrapporten vert vist direkte på skjermen din (mobiltelefon/pc) rett etter godkjend betaling. Ønskjer du den i tillegg i PDF-versjon, kan du oppgi ei mailadresse for dette etter at rapporten er vist – dette er gratis og valfritt. Dersom hurtigrapporten av tekniske årsaker ikkje kjem fram, ta kontakt på min.eigedom@farmr.no, så ordnar vi ny utsending eller refusjon.
6. Angrerett
Hurtigrapporten er digitalt innhald som ikkje vert levert på eit fysisk medium, og leveringa startar umiddelbart etter godkjend betaling. I tråd med angrerettlova § 22 bokstav n misser du angreretten når du uttrykkjeleg har samtykka til at leveringa startar før angrefristen på 14 dagar er ute, og du samstundes har erkjent at du dermed misser angreretten. Dette samtykket kan ikkje reknast som gitt berre ved at betaling er gjennomført, og kan heller ikkje liggje som ein føresetnad i sjølve vilkårsteksten – det krev ei eiga, uttrykkjeleg handling frå kunden på bestillingssida.
7. Reklamasjon og feil
Rapporten byggjer på offentlege register (Kartverket m.fl.) slik dei framstår på bestillingstidspunktet. Vi kan ikkje garantere at desse kjeldene er fullstendig oppdaterte eller feilfrie. Oppdagar du openbare feil i rapporten som skuldast vår handsaming (t.d. feil eigedom henta opp, teknisk feil i generering), ta kontakt på min.eigedom@farmr.no – vi rettar feilen eller refunderer kjøpet.
8. Personvern
Opplysningane du oppgir ved bestilling (m.a. mobilnummer, eventuell e-postadresse og kva eigedom du søkjer opp) vert handsama i tråd med personvernlovgivinga og vår personvernerklæring på farmr.no.
9. Force majeure og endringar
Farm Resources AS kan ikkje haldast ansvarleg for forseinkingar eller manglar som skuldast forhold utanfor vår kontroll (t.d. driftsavbrot hos Kartverket, Vipps eller vår hostingleverandør). Vi kan endre pris og innhald i tenesta framover, men endringar gjeld ikkje alt gjennomførte kjøp.
10. Klage og tvistar
Klager kan rettast til min.eigedom@farmr.no. Kjem vi ikkje til semje, kan saka bringast inn for Forbrukertilsynet/Forbrukerrådet.
Spørsmål? Ta kontakt på min.eigedom@farmr.no.
